Annegrete Bruvoll

Annegrete Bruvoll er samfunnsøkonom (forskar 1), cand oecon frå Universitetet i Oslo med 25 års erfaring frå økonomisk forsking og utreiing. Ho har vore tilsett i Finansdepartementet og i Forskingsavdelinga i Statistisk sentralbyrå som forskar og forskingsleiar. Bruvoll har 25 års erfaring frå forsking på verkemiddelbruk innanfor klima-, energi- og miljøøkonomi. Dei seinare åra har ho arbeidd mykje med ringverknader ved transportinvesteringar og regionale veksttiltak, kommunale analysar og makroøkonomiske likevektsanalysar. Bruvoll har delteke i fleire styre i Norges Forskingsråd, evalueringsutval for forskingsprogram i Norge og EU og i offentlege utval, og ho deltok som lead author i den 2014-hovudrapporten til FNs klimapanel (IPCC).

Publikasjoner av Annegrete Bruvoll: